|
|
Generell informasjon.
Fastlege :
Vi vil minne om at alle no skal ha fått fastlege. Fastlegen er den som skal vere hovudkontakten din på kontoret. Så langt som råd vil du derfor få time hjå fastlegen din. Ved akutte problem kan vi likevel ikkje love dette, og ein må då rekne med å måtte møte ein av dei andre legane ved kontoret. For vidare informasjon om fastlege, bytte mm sjå på linksida vår.
Blodprøver, laboratorium:
Dersom du skal ta blodprøver , få sårskift mm kan det vere lurt å høyre med personalet kva dag og tid som passar best.
Legetimar :
Normalt set legen av 20 minutt til kvar konsultasjon. Dette skal dekke det du fortel og undersøking dersom naudsynt. Dersom det er behov for det, dvs store problem eller fleire problem, kan ein bestille dobbeltime. Ofte er det likevel betre å ta fleire problem over fleire konsultasjonar.
Ventetid:
Vi har plikt til å ta oss av alle som kjem til oss, og vi må prioritere dei som er mest sjuke. Dette gjer at vi ikkje alltid klarer å halde tidene som er lovd pasientar. Vi gjer det vi kan for å halde desse tidene, og ber om forståing og hjelp til dette. | | |
|
|